Det er 20 siden Herdis Seim, med bred støtte fra tunge offentlige
og private aktører, lanserte ideen om å legge fast
dekke på stiene langs vannene i
Florø for å bedre tilkomsten for rullestolbrukere. Ennå har det
ikke blitt realisert men FDS kommer til å ta
opp igjen saken siden den er om mulig mer
aktuell i dag.
FDS-nestleder Herdis Seim var helsesportspedagog og nestleder i FT&IF på
åttitalet. Det hun så da, som var utgangspunktet for en søknad datert
28. oktober 1988, er en av kampsakene til det nye politiske partiet i Flora.
Slik skrev hun bl.a. i søknaden sin den gangen: "Det er trasig å sjå
at dette området, som i seg sjølv er ei vakker naturperle, vert så lite teke
vare på. Vegen er no i ein slik stand at dei fysiske hindringane vert for store
og kompliserte til at folk som er lite mobile og med svære funksjonshemmingar
kan ta seg fram på eiga hand i terrenget. Eg tenkjer først og fremst på dei
mange rullestolbrukarane vi etter kvart har rundt oss. Det skal vere over nitti
av dei i kommunen. Vi ser dei så lite; kvar er dei? Eg undrast på om det ikkje
skuldast at det er for få stader som er eigna for passering med rullestol.
Eg torer å hevde at tilhøva ikkje er lagt til rette for at dei skal kunne ferdast
omkring åleine. I tillegg til desse har vi dei som nyttar gåstol, krykker,
trehjulssykkel, sparkstøtting på hjul og andre hjelpemiddel, samt dei eldre
med naturleg nedsett førleik og dei mange såkalla inaktive. Utviklinga i samfunnet
tilseier at det ikkje vil vli færre rullestolbrukarar med åra. Om lag 1/3 av
oss nordmenn vil vere funksjonshemma før vi når pensjonalderen, og sjansen
aukar etter kvart som vi vert eldre. Når vi kjennner til desse fakta, bør den
fantastisk rike, mangslungne og familievennlege naturen som finst nær bysentrumm
gjerast tilgjengeleg til beste for folk flest."